Verktøyskrinet er det sentrale vindauget i GIMP. Her finn du dei mest brukte kontrollane og dei menyane som styrer alt anna. To av desse menyane, Fil og Hjelp, finn du også på menylinjene i biletvindauge, men då med eit litt anna innhald. Menyen Utvid (utvidingar) finn du derimot bare i verktøyskrinet.
![]() |
Notat |
---|---|
Kan hende finn du andre punkt på denne menyen enn dei som blir omtalte her. Desse er ikkje ein del av GIMP, men er lagt inn av programtillegg (plug-ins) du, eller andre, har installert. Du kan finne nærare informasjonar om desse funksjonane i dokumentasjonen til programtillegget. |